Opplev dei storslegne fossane i Geirangerfjorden. Vidare går ferda på sykkel frå Geiranger sentrum til Dalsnibba – der Brit kjenner på høgdeskrekken.
Reiseleiaren Brit utfordrar stadig høgdeskrekken sin. Først med ei luftig ferd med løypestreng i Geiranger – og så i sjølve Trollstigen.
Brit har eit spesielt forhold til Lofoten, og no blir ho til og med kidnappa av ein vikinghøvding. Er det eigentleg her ho høyrer heime?
Vi reiser tilbake til Lofoten på vinteren, for å jakte på det spesielle vinterlyset – og ikkje minst nordlyset.
Ytst på kysten av Nordmøre ligg ein unik veg. Bli med på grottevandring, ta ein tur med ein Volvo Amazon og opplev ei heilt spesiell 17. mai-feiring.
Brit har høyrt om Varanger frå ho var lita, då foreldra var her på bryllaupsreise. Vi startar i Varangerbotn og den største samiske marknaden i verda.