All Seasons

Season 1

  • S01E01 Sulabakk

    • December 8, 2002
    • NRK1

    Nils Storås har levd det meste av livet oppe på småbruket Sulabakk, den einaste veglause garden som framleis er busett på Sunnmøre. Som sunnmøring er han sparsam, nøysam og oppfinnsam, og målet er å vere sjølvhjelpt. For å greie det har han laga dei merkelegaste hjelpemiddel. Nils Storås er full av påfunn og humor, og mest av alt ler han av seg sjølv. Men på botnen ligg alvoret.

  • S01E02 Sylen

    • December 15, 2002
    • NRK1

    Skal Eva og Kjell Ryvang reise heimanfrå, lyt dei fare om Sverige. Heimen deira ligg i enden av eit seks kilometer langt vatn, som er halvt svensk, halvt norsk, og vatnet er einaste farbare vegen til og frå Sylen. Men vår og haust, når isen er utrygg, er folket i Sylen isolerte frå omverda. Like fullt var det hit inn dei ville, etter å ha fått nok av stress og jag i byen. Oddgeir Bruaset har møtt familien Ryvang, som har turisme som livsgrunnlag.

  • S01E03 Finnafjorden

    • December 22, 2002
    • NRK1

    - Her er eg brend fast, seier Lars Finden, bonde på strandgarden Finden i Finnafjorden i Sogn, dit Oddgeir Bruaset tek oss med denne gongen. Ei tid levde det seksti menneske i den vesle grenda, no er Lars Finden åleine att, saman med to mindreårige born. Her lever han av geitehald og turisme, og han greier seg bra. Men næraste grannen er ein halvtimes båttur unna.

  • S01E04 Kjeåsen

    • December 25, 2002
    • NRK1

    Kjeåsen ligg på ei fjellhylle, 530 stupbratte meter over Hardangerfjorden. Den gamle stien til gards var så vanskeleg å gå at halvparten av dei som prøvde seg, gjorde vendereis. Hit opp kleiv også oslojenta Bjørg Wiik. Ho ville ta seg av tanta si, den siste som levde att oppe på fjellhylla. Men etter at tanta døydde, vart Bjørg verande. Ho hadde oppdaga at Kjeåsen hadde noko som storbyen aldri kunne gje henne. Oddgeir Bruaset har møtt kvinna som framleis bur på Kjeåsen, åleine og i ein alder av 70 år.

  • S01E05 Fiskeværet

    • December 29, 2002
    • NRK1

    - Vi lever under fattigdomsgrensa, men det er ikkje mangel på pengar som er største problemet vårt. Vanskane som vi har møtt hos styresmaktene, er verre, seier Tommy Rodahl. Saman med kona sa han farvel til bylivet og flytte til eit avfolka fiskevær langt vest i havet. No er dei to blitt fire, fortel programleiaren, Oddgeir Bruaset.

  • S01E06 Trodla-Tysdal

    • January 5, 2003
    • NRK1

    - Eg vil bruke hendene mine til noko anna enn å flytte papir, sa stavangerguten Kjell Michelsen til seg sjølv. Så vende han kontoret og bylivet ryggen, flytte til Trodla-Tysdal, skifte namn og kalla seg Kjell Tysdal, og vart sauebonde og turistvert. Kona lét seg overtale til å bli med, dei fekk to jenter, og alle finn seg vel til rettes. Oddgeir Bruaset har besøkt familien som lever på den mest avsidesliggjande garden som framleis er i drift i Rogaland.

Season 2

  • S02E01 Gaundalen

    • November 2, 2003
    • NRK1

    Gaundalen, nordtrøndsk fjellgard innmed svenskegrensa, der ei mor, Ingeborg Gaundal (82) og ein son, Steinar (51) bur. Tre mils gangstig til næraste granne. For å løyse kommunikasjonsproblema har Steinar bygd flystripe bak låven og kjøpt privatfly.

  • S02E02 Givær

    • November 9, 2003
    • NRK1

    Givær er eit lite øysamfunn i Vestfjorden, ein times tur med hurtigbåt frå Bodø. Her bur 14 menneske når dei er fulltalige, men under lofotfiske er berre kvinnene att. Olaug Olsen (29) er ei av dei. Etter å ha vore borte ti års tid har ho vendt heim att og teke over det vesle småbruket til foreldra.

  • S02E03 Styvi i Nærøyfjorden

    • November 16, 2003
    • NRK1

    Styvi i Nærøyfjorden, ein einsleg strandgard langs ein av dei meste berømte fjordarmane i landet. Her lever Botolv Hov (82) mo åleine i vinterhalvåret, den einaste fastbuande på ein veglaus gard langs Nærøyfjorden. Om sommaren har han selskap av kona, og saman har dei bygd opp eit omfattande gardsmuseum.

  • S02E04 Risberget, Finnskogen

    • November 23, 2003
    • NRK1

    Risberget er eit småbruk på Finnskogen der ekteparet Liv og Trond Burud har slått seg ned. Dei budde i Oslo og arbeidde i databransjen, men fekk nok av jaget og maset og braut tvert av. No lever dei av å lage handverksprodukt i tre og å ale opp tiur og røy. Løna er halvert, men dei kjenner seg rikare enn før.

  • S02E05 Revelsøy

    • November 30, 2003
    • NRK1

    Revelsøy, eit tidlegare handelssenter i Ofotfjorden, der 85 år gamle Alma Jenssen lever heilt åleine, og det har ho gjort det i meir enn 30 år. I 50 år har ho passa ei veglaus fyrlykt, no nøyer ho seg med å vere kyrkjetenar i kapellet på den gamnle gravplassen. Ho fiskar til eige bruk, og eit par gonger i veka dreg ho til fastlandet etter mat og post - om ho ikkje sit vérfast.

  • S02E06 Kvipt

    • December 7, 2003
    • NRK1

    Kvipt, ein tidlegare veglaus og fråflytt fjellgard i Vest-Telemark. Ein av dei som flytte frå garden i unge år, Åsmund Kvipt, vende tilbake med familien sin for ti års tid sidan, opparbeidde veg, vølte husa og bestemte seg for å bli bonde. I staden vart det turisme. No har han reist ei rad hus i gammal stil, og i eitt av dei, eit stabbur, har kona, Janne Sætre Fjellheim, keramikkverkstad.

Season 3

  • S03E01 Tana

    • November 14, 2004
    • NRK1

    I botnen av ein fjordarm i Tana bur 75 år gamle Charles Jensen saman med ein hund og to hestar, milevis frå næraste granne, utan vegsamband med omverda. Men Charles er ein spreking som korkje ottast livet i einsemd eller som går av vegen for å overnatte i sjølvsydd telt på fjellet vintersdag.

  • S03E02 Eikemo

    • November 21, 2004
    • NRK1

    Eikemo er ei lita grend i ein fjelldal på den veglause sida av Åkrafjorden i Sunnhordland. Der bur seks menneske, blant dei to unge og ugifte geitebønder. Men skal Eikemo ha ei framtid, treng dei ei kone. Håpet ligg i at ei eller fleire av budeiene som driv stølen på Eikemo sommarsdag, skal bli verande etter at stølslivet er over.

  • S03E03 Vassvika

    • November 28, 2004
    • NRK1

    I Vassvika i Sjunkfjorden, nokre mil nord for Bodø, bur to fiskarfamiliar. Dei manglar veg, og dei manglar kai. Bles det, eller er fjorden full av is, er dei heilt isolerte. Medan karane er på fiske, er to kvinner åleine att i Vassvika. Den eine er 95 år gammal, den andre 25 - og kjem frå Kina.

  • S03E04 Bleikøya

    • December 5, 2004
    • NRK1

    På Bleikøya like utanfor Oslo hamn bur Berit og Christian Gulbrandsen, dei einaste fastbuande på øyane ved innsiglinga til Oslo. Huset deira er tre hundre år gammalt, vegen til bryggja er ein dårleg gangstig, og mang ein vinter er dei isolerte når det er is på fjorden. Mannen er fullt ut pleietrengande, men likevel kan dei ikkje tenkje seg å flytte.

  • S03E05 Sihccajavri

    • December 12, 2004
    • NRK1

    I Sihccajavri på Finnmarksvidda bur samejenta Mari Anne Kumpulainen Vanhaphia, eit naturbarn som lever av det naturen har å gje, og som gir avkall på samvær med andre ungdommar for å få vere heime. Mannen hennar er finsk reineigar, og sidan han ikkje kan flytte dyra sine over grensa, bur dei på kvar sin stad.

  • S03E06 Kvebergsøya

    • December 19, 2004
    • NRK1

    På Kvebergsøya i Folldal har Martin Kjønsberg, tidlegare rektor, og Eris Davids, opphaveleg frå Tyskland, slått seg ned på ein eldgammal gard og tatt fatt på eit nytt liv. Hesten står sentralt i livet deira, anten dei bruker han som arbeidsdyr i skogen og på åkeren, dei rir i fjellet, eller dei legg ut på sledetur over vinterviddene.

Season 4

  • S04E01 Hunde-Per i Gammen

    • October 30, 2005
    • NRK1

    For femten år sidan byrja Per Sørflaten eit nytt liv. Han ville ikkje vere slave av klokka og maskinen lenger. I staden søkte han fred og fridom i villmarka på Laksfjordvidda i Finnmark. Her lever han i eit hus som er noko midt mellom ein gamme og eit vikinghus, og sjølv om han har ei fortid som kraftverksmaskinist, har han ikkje innlagt elektrisitet, ikkje vatn heller.

  • S04E02 Skålid i Fyresdal

    • November 6, 2005
    • NRK1

    Elin Skålid og Tor Bolstad Jensen har saman med tre mindreårige born slege seg ned på den einslege, fråflytte fjellgarden Skålid i Fyresdal, der far til Elin kom frå. Der bryt dei opp jord, der byggjer dei hus og kraftverk og satsar på feavl. Men bestestova i gamlehuset skal vere straumlaus. Der skal dei ha lydstudio!

  • S04E03 Litle Færøy

    • November 13, 2005
    • NRK1

    På Litle Færøy i Solund kommune lever einebuaren Roar Moe. Saman med ein kameratgjeng har han teke over og restaurert ein gammal husmannsplass. No bur han der for å gje skuleelevar og andre ungdommar som kjem innom, innsikt i den gamle kystkulturen, på sjø og land.

  • S04E04 Gjevsjøen ved Snåsa

    • November 20, 2005
    • NRK1

    22 år gamle Nils Christian Gjefsjø har nyleg teke over farsgarden, Gjevsjøen, inne ved svenskegrensa i Nord-Trøndelag. Der bur han saman med foreldra sine. Skal han til Snåsa, næraste bygd, lyt han gå tre mil til fots over fjellet. Eller han kan reise med båt og bil gjennom Sverige, ein omveg på 25 mil.

  • S04E05 Åsligrenda i Oppland

    • December 4, 2005
    • NRK1

    I Åsligrenda vest for Dokka i Oppland driv Kari Nøssvold eit småbruk saman med mor si. Eit stykkje unna bur ei tante og ein onkel. Fleire er ikkje att i den før så folkerike fjellgrenda. Men no har Kari fått seg kjæraste frå Oslo, og snart skal ho bli mor.

  • S04E06 Flatøy i Troms

    • December 18, 2005
    • NRK1

    For tre år sidan vende den 55 år gamle familiefaren Oddbjørn Selnes tilbake til barndomsheimen sin på Flatøy i Troms, ei øy utan rutesamband av noko slag. Der lever han som fiskarbonde. Den einaste som budde der då han kom, var ei eldre, pleietrengande kvinne. Familien hans vart ikkje med, men dei respekterer han for det han gjorde.

Season 5

  • S05E01 Geirr Vetti, Skåri i Luster

    • February 18, 2007
    • NRK1

    Geirr Vetti kallar seg husdokter. Ungkaren elskar gamle hus, og etter at han fekk ta over ein falleferdig fjellhyllegard i Luster i Sogn, har han fått nok å gjere. Mange av husa byggjer han opp att i stein, og til å bere fram all steinen han treng, har han fått hjelp av to sherpaer frå Nepal. Målet er å starte gardsdrift på gammalt vis.

  • S05E02 Tinn i Telemark

    • February 25, 2007
    • NRK1

    På ein fjellgard i Telemark lever eit fargerikt par, Ivanir Hasson og Carl Olsen.

  • S05E03 Klyngjetunet

    • March 4, 2007
    • NRK1

    Det vesle klyngjetunet på Indre Fure ligg vendt ut mot opne Stadhavet. Her har sju menneske klora seg fast, og dei er blitt verande, trass storstorm og storbåre, trass bratte bakkar og vanskelege vegar. Dei fortel om eit liv i slit, om kampen for føda og kampen mot naturkreftene og samfunnsutviklinga. Men dei vil ingen annan stad vere.

  • S05E04 Skåro, Fyksesund i Hardanger

    • March 11, 2007
    • NRK1

    Skåro er ein einsleg, veglaus gard høgt over Fyksesund i Hordaland. Her lever ein mann att åleine, den meir enn 80 år gamle Jon J. Skaar. Og han har tenkt å bli, sjølv om stigen ned til fjorden ikkje er farande vintersdag, og sjølv den milelange fjordarmen iblant frys til, slik at mannen er fullstendig isolert. Det einaste selskapet han har, er to mårar.

  • S05E05 Vågå

    • March 18, 2007
    • NRK1

    Fysioterapeuten Sisco og datamannen Karl Viggo Waldersløv fekk nok av kø og stress i hovudstaden. Dei selde alt dei åtte og slo seg ned på ein einsleg, brattlendt gard i Vågå. Og her nyt dei livet i fulle drag. Fysioterapeuten tek likevel imot folk som har godt av massasje og varme bad, og datamannen hjelper ungdommen så dei kan bu heime medan dei studerer.

  • S05E06 Nyksund i Vesterålen

    • March 25, 2007
    • NRK1

    Nyksund var eit av dei store fiskeværa i Vesterålen, men då båtane vart større, vart hamna for lita, og folket flytte. Ein dag stod husa att i forfall. Men for nokre år sidan vart staden oppdaga på nytt. Særleg kjende unge kunstnarkvinner seg tiltrekte av utposten ved storhavet. Jentene i Nyksund er knytte til kvarandre, og dei jublar over det nye livet og den nye heimstaden.

Season 6

  • S06E01 Graddisfjellet

    • February 3, 2008
    • NRK1

    I villmarka på Graddisfjellet i Nordland lever det aldrande svenske kunstnarparet Kajsa Zetterquist og Per Adde. Der har dei bygd opp eit tun av eldgamle hus, og her lever dei for kvarandre og for kunsten. Men dei er også samfunnsengasjerte og har gjort ein stor innsats både for nordnorske kunstnarar og for samane.

  • S06E02 Kjepso

    • February 10, 2008
    • NRK1

    Kjepso er ein veglaus gard på ei fjellhylle på nordsida av Hardangerfjorden. Her vart Anne frå Glasgow gardkone, og her fostra ho opp fem born, medan mannen var vekependlar. No lever det pensjonerte paret Anne og Per Kjepso åleine att på fjellknausen det meste av året, men i feriane vender dei unge tilbake, og då er det leik og moro, song og musikk i tun og i stove døgnet rundt.

  • S06E03 Måren i Sogn

    • February 17, 2008
    • NRK1

    I den vesle grenda Måren på nordsida av Sognefjorden lever berre fem menneske att. Eitt av dei er forfattaren, musikkmeldaren og småbrukaren Ivar Orvedal. Annankvar sommar arrangerer han musikk- og lyrikkfestival, Mårenbiennalen, men etter at han sist sommar tapte ein langvarig kamp for å hindre utbygging av Mårenvassdraget, er framtida blitt usikker.

  • S06E04 Fjellgarden Fossdal

    • February 24, 2008
    • NRK1

    På fjellgarden Fossdal, på grensa mellom Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, bur tolv år gamle Anita Martinsen saman med foreldra sine. Venene hennar er dyra på garden, særleg geitene og dei mange fjørkrea. Dessutan skriv ho forteljingar om dyra og har gått forfattarkurs. Og ho har planane klare. Ho skal bli forfattar, veterinær og fjellbonde.

  • S06E05 Skjerdal i Nordfjord

    • March 2, 2008
    • NRK1

    Folket i Skjerdal i Nordfjord er veglause, men lever likevel eit aktivt liv. Utanom vanleg gardsdrift har dei ala opp travhestar og starta setjefiskanlegg, dei driv hjortejakt i stor stil, og no byggjer dei kraftverk. Men dramatisk kan livet i Skjerdal også vere. Siste året har far og son havarert med mjølkebåten, garden har vore isolert av sjøis, og ein storflaum heldt på å reise med husa.

Season 7

  • S07E01 Kirkefjorden i Lofoten

    • January 4, 2009
    • NRK1

    Kirkefjorden i Lofoten. Fjorden er like trolsk som husklyngja inne i fjordbotnen. Ein gong budde 300 menneske i Kirkefjorden i Lofoten. No er Oddvar Berntsen den einaste som er att om vinteren. I Bunesfjorden, som går parallelt med Kirkefjorden, er situasjonen om lag den same. Utanfor, og attanfor den veldige Bunessanden, ligg eit einsleg lite hus ved storhavet. Dit ut må ei eldre dame frå Göteborg kvar einaste sommar, sjøl om staden er både veglaus, vasslaus og straumlaus.

  • S07E02 Unknown

    • January 11, 2009
    • NRK1

    I villmarka vest for Femunden lever Milda og Klas Femundshytten att åleine. Då Klas voks opp, var fiske og fangst livsgrunnlaget. No sper dei på pensjonen ved å ta imot turistar som får servert mat i fjøset, historier om mor Olave som fødde på setra, og soger frå den gongen Femundshytta var eit underbruk under koparverket på Røros. Men størst stemning skaper lasskøyrarane når dei på veg mot Rørosmartnan tek inn på Femundshytta med song og spel.

  • S07E03 Unknown

    • January 18, 2009
    • NRK1

    Ho voks opp i rikmannsmiljøet i utkanten av New York - og ho har aldri sete ved ein PC, aldri snakka i ein mobiltelefon eller teke i eit bilratt. Men bak rokken sit ho ofte, og kveld og morgon sit ho på fjøskrakken i skinet av ei lykt. Jenny Endresen lever på den veglause og straumlause fjellgarden Moslid i Vinje i Telemark, og ho lever slik bøndene gjorde for hundre år sidan. Målet er å vere sjølvhjelpen, leve i samspel med naturen og ikkje øydeleggje jorda.

  • S07E04 Unknown

    • January 25, 2009
    • NRK1

    Byguten Knut Kastnes realiserte draumen om å bli bonde då han kjøpte det avsidesliggjande småbruket Sæterstad i Hattfjelldal. Han flytte inn i halvt falleferdige hus, han søkte etter budeie, og Siri Kobberød frå Trondheim kom - og vart verande. Saman har dei omskapt Sæterstad til eit stasbruk. I eitt fjøs driv dei oppdrett av røye og lagar rakfisk for sal, og i eit anna fjøs leverer geitene råstoff til det som blir til eit tital osteslag, ysta heime på garden.

  • S07E05 Unknown

    • February 1, 2009
    • NRK1

    Ho bur i eit hus i skogen ved Homevassevje, i ein gammal vaktarbustad ved den nedlagde Setesdalsbanen. Ho er kunstmålar, og om sommaren står ho ute og målar i blomstra støvlar og elles ingenting. Var det ikkje for ormen, hadde ho kasta støvlane og. Kirsten Lundsgaardvig er dansk og fargerik. Ho er og katolsk, og har endåtil teke imot den siste oljen. I tillegg lever ho i lag med tretten rallarar. Dei er alle døde, men held henne like fullt med godt selskap.

  • S07E06 På vitjing i havgapet

    • March 8, 2009
    • NRK1

    Severin Rønes er 25 år gammal og seier at han er som ungdommar flest. Men han har slege seg ned på ein veglaus, avfolka ættegard ved Storfjorden på Sunnmøre. Her lever einebuaren som sauebonde og veidemann, han jaktar hjort og rev og fangar mår og røyskatt. Sist vinter vart båten hans broten ned under ein storstorm, og seinare fór kaia same vegen. Men Severin gjev ikkje opp. No ryddar han skog for å få skikk på kulturlandskapet på garden og på stølen.

Season 8

  • S08E01 Værøy i Lofoten

    • October 3, 2010
    • NRK1

    I 1990 omkom fem menneske i ei tragisk flyulykke på Værøy i Lofoten. Etter det vart den vérutsette flyplassen stengd. Vel ti år seinare kjøpte Remi Johansen, ein ung mann frå Værøy, flyplassen og gjorde han om til heim. Seinare har kjærasten hans også flytta inn, og no bur familien i terminalbygningen, samstundes med at dama driv sjokoladefabrikk i botnen av flytårnet.

  • S08E02 Aldal

    • October 10, 2010
    • NRK1

    I førti år har ekteparet Margot og Per Bjørvik levd på den veglause garden Aldal i fjella nord for Bolstadøyri i Hordaland. Livsgrunnlaget har vore ein flokk sauer og ein suvenirfabrikk som Per har starta. Varene blir frakta med taubane, medan dei sjølve tek seg fram på ein firehjuling etter ein humpete stig. No er Margot pleietrengjande, men Per står på og steller henne, for i Aldal aktar dei å bli.

  • S08E03 Svinøyna i Gulen

    • October 17, 2010
    • NRK1

    Ola Braanaas er rik, men han er ikkje som rikingar flest. Han bur åleine i ei ombygd husmannsstove på ein holme i havet, Svinøyna i Gulen. Han har brukt 35 milllionar kroner på å berge ein gammal handelsstad frå forfall, og han reknar ikkje med å få dei tilbake. Det er betre å bruke pengane på kultur, på noko som varer, enn å rote dei vekk på børsen, seier Braanaas.

  • S08E04 Hasfjord i Finnmark

    • October 31, 2010
    • NRK1

    Else Juliussen frå den mest folketomme havgrenda Hasfjord i Finnmark er ei fargesprakande kvinne og ein miskunn samaritan. Ho har opna dørene sine for fyllikar og fattigfolk, og med sine varme hender har ho hjelpt både toføtte og firføtte som slit med plager. Om sommaren tek ho alle dyra sine med seg på setra i Meltefjorden, der ho sjølv voks opp under dramatiske omstende. Der lærte ho også å lese. I mangel på skulegang skjedde det i ein alder av 15.

  • S08E05 Argehovd på Møsstrond

    • November 7, 2010
    • NRK1

    Dei lever på ein av dei høgstliggjande gardane i landet, og dei bur tre mil frå næraste bilveg. Anne Gro var høggravid då ho saman med Åsmund for meir enn tjue år sidan flytte til Argehovd på Møsstrond, slektsgarden hans. Der har ekteparet Løvås levd av sauehald og turisme, og der har dei fostra to døtrer, som i alle skuleår måtte bu på internat. Verken foreldra eller jentene er lei seg for at dei valde Argehovd.

  • S08E06 Nordre Sandøy på Hvaler

    • November 14, 2010
    • NRK1

    Tore Amarius har levd eit turbulent liv, med rus, vald og oppløyste forhold som nokre av ingrediensane. Då han vart buddhist, tok livet ei ny vending. No lever han saman med kone og son som dei einaste fastbuande på Nordre Sandøy på Hvaler, og der har han og Lene prøvd å få ungdom med ein vanskeleg bakgrunn på rett kjøl att. Men sommaren for tre år sidan hende noko dramatisk som igjen skulle gjere livet til Tore Amarius vanskeleg.

  • S08E07 Brulia i Romsdalen

    • November 21, 2010
    • NRK1

    Marit Kvam og Arnfinn Lislien møttest på ein landbruksskule. Dei skulle bli bønder. Men i staden for å finne seg ein stor og lettdriven gard valde dei eit brattlendt og steinete småbruk på den veglause sida øvst i Romsdalen. I bakkane i Brulia er ljåen og riva framleis viktige reiskapar. Dessutan haustar dei ei seter, medan dei har krøtera på ei anna. Dei gjer det for å halde tradisjonane levande og kulturlandskapet i hevd.

Season 9

  • S09E01 Røysland, Lund kommune

    • November 27, 2011
    • NRK1

    Tønnes Martin Dyrskog voks opp på ein veglaus gard ved Ørsdalsvatnet i Bjerkreim i Rogaland, men etter ei ulykke flytte han til ein annan avsidesliggjande gard, Røysland, i Lund kommune. Her fer han og kona med bil og traktor på ein skræmeleg gardsveg, og der det er for bratt og steinete for motorslåmaskinen, går han med ljåen. Bøane skal ikkje gro att, sjølv om han veit at han blir den siste brukaren på Røysland.

  • S09E02 Litløy fyr, Bø i Vesterålen

    • December 4, 2011
    • NRK1

    Ellen Marie Hansteensen har ei fortid som frilansjournalist, og ho har arbeidd for internasjonale fredsstyrkar i Midt-Austen. Men ein dag braut austlandskvinna med det hektiske livet ho levde og søkte stilla på Litløy fyr i Bø i Vesterålen. Her lever ho saman med to kattar, men no planlegg ho å starte turisme, slik at fleire skal få del i det paradiset ho har funne.

  • S09E03 Mælen, Jondal i Hardanger

    • December 11, 2011
    • NRK1

    Arne Bakke Mælen hadde odel på det avsidesliggjande småbruket Mælen i Jondal i Hardanger. Men bøane var bratte, og då han tok over, var husa til nedfalls. I staden for å drive jorda gjorde han tunet om til kunst- og kultursenter, med galleri, festlokale og verkstad. Sjølv er han kunsthandverkar som arbeider med tre, og som skjer imponerande bilete og dreiar makelause bollar.

  • S09E04 Hitra

    • December 18, 2011
    • NRK1

    Ingvar Aabrek Klingenberg, bygut frå Trondheim, tidlegare museumsstyrar og kunsthistorikar, har slått seg ned i ei lita avsidesliggjande hytte på Hitra, der familien hadde feriestad. Han har ikkje innlagt vatn, han har ikkje veg fram til tunet, maten kokar han på grua, og det vesle han har av straum, får han frå eit solcellepanel. Men der sit Klingenberg og skriv litterære verk om kunsthistorie.

  • S09E05 Vikabråten i Vestre Slidre

    • December 26, 2011
    • NRK1

    Yvonne og Ole Jacob Christensen driv småbruket Vikabråten i Vestre Slidre, og dei driv det slik det vart drive i mellomkrigstida. Dei har ikkje annan straum enn den dei får frå eit lite solcellepanel, og dei har ikkje annan veg enn ein tung og bratt kjerreveg. Hesten dreg brøyteplogen gjennom snøfonnene, jernplogen gjennom potetåkeren og sleden med høy den milelange vegen frå fjellstølen. (5:6)

  • S09E06 Skindalen på Hardangervidda

    • January 1, 2012
    • NRK1

    Anne Vågen Skindalen lever i ein fjelldal på Hardangervidda saman med tre-fire kyr. Inntekta får ho gjennom å kinne smør og selje det til nærbutikken på Rauland - tre mil unna. Om vinteren køyrer ho skuter, om sommaren fer ho på firhjuling, før ho må leige mann med båt og bil. Vår og haust kan ho vere isolert i vekevis. Men i Skindalen vil ho vere alle sine dagar til endes.

Season 10

  • S10E01 Husmannsplass i Valdres

    • October 28, 2012
    • NRK1

    En ung mann fra Stuttgart lar seg trollbinde i møtet med norsk natur. Han fant seg ei norsk jente, tok etternavnet hennes og slo seg ned på en falleferdig, veiløs husmannsplass i Valdres.

  • S10E02 Bjarkøy, Troms

    • November 4, 2012
    • NRK1

    Olaug Pettersen bor alene i et ellers fraflyttet fiskevær lengst nord i Bjarkøy kommune i Troms. I løpet av fire år mistet hun tre av sine næsmeste. Mannen døde av helseplager, mens to sønner omkom i hver sin ulykke på havet.

  • S10E03 Listøl, Vest-Agder

    • November 11, 2012
    • NRK1

    Magnhild Snaprud frå Søgne og Christoffer Christensen frå Danmark fann kvarandre då dei gjekk på friluftslinja ved Høgskulen i Telemark. Dei har teke over den nedlagde fjellgarden Listøl i Åseral i Vest-Agder. Magnhild er lærar nede i bygda og bruker rattkjelke når ho tek fatt på skulevegen vintersdag, medan Christoffer har forelska seg i gamle tømmerhus og driv restaureringsarbeid.

  • S10E04 Brattværet, nordmørskysten

    • November 18, 2012
    • NRK1

    Som pensjonist flytte nostalgikaren Leif Birger Hagen tilbake til barndomsøya si, det fråflytte fiskeværet Brattværet på nordmørskysten, etter eit langt liv i fiskebåten. I været prøver han å finne att lykkelege barneår, samstundes som han dreg ut med sjarken sin, "Hurragutten", og fiskar med ruser. Etter eit langt liv som ungkar har han dessutan fått seg dame, ein flamme frå ungdomsåra, må vite.

  • S10E05 Lysvatnet, Trøndelag

    • November 25, 2012
    • NRK1

    Klara og Einar Hårstad lever på fjellgarden Lysvatnet på Fosenhalvøya i Trøndelag. Avstanden til næraste nabo er 11 veglause kilometer. Jakt, fiske og friluftsliv er det som opptek Einar mest, og han kunne ikkje ha tenkt seg eit betre og friare liv. Det var vondt å sende ungane til skulen, synest Klara. No gler dei seg over at eine sonen vil følgje i fotefara deira.

  • S10E06 Skrepprud

    • December 2, 2012
    • NRK1

    Lars-Erik Jacobsen har lagt sin elsk på alt som er gammalt. Som 15-åring melde han seg inn i eit historielag, der det berre fanst pensjonistar, og då han var 20 kjøpte han den veglause, brattlendte og forfalne fjellgarden Skrepprud langt nord i Numedal. Der har han budd i snart 40 år, og alt det han legg til sides av lærarløna si, bruker han til å kjøpe gamle hus og bruksting og flytter alt heim til seg.

Season 11

  • S11E01 Vassvika

    • March 3, 2013
    • NRK1

    Serien om folk som lever "der ingen skulle tru at nokon kunne bu" har gått i ti år. Nå skal vi møte att ein del av dei som har vore med i programma, for å høyre kva som har skjedd med dei seinare i livet. I det første programmet er vi tilbake i Vassvika i Sørfold, Skåri i Sogn, Åsligrenda i Valdres og Nyksund i Vesterålen. (1:4)

  • S11E02 Finden, Kvipt, Værøy og Makø

    • March 10, 2013
    • NRK1

    Vi møter att menneske som lever "der ingen skulle tru at nokon kunne bu" for å høyre kva som har hendt med dei etter at dei var med i programma. Denne gongen får vi eit nytt møte med folket på Finden i Sogn, Kvipt i Vest-Telemark, Værøy i Lofoten, Skjerdal i Nordfjord og Makø på Hvaler. (2:4)

  • S11E03 Måren, Eikemo, Færøy og Givær

    • March 17, 2013
    • NRK1

    Vi møter att menneske som lever "der ingen skulle tru at nokon kunne bu" for å høyre kva som har hendt med dei etter at dei var med i programma. Denne gongen får vi eit nytt møte med folket i Måren i Sogn, på Eikemo i Sunnhordland, på Litle Færøy ved utløpet av Sognefjorden, ved Erik Larsatjønna på Graddisfjellet, i Skindalen i Vest-Telemark og på Givær i Vestfjorden. (3:4)

  • S11E04 Oppfølgingsepisode

    • March 24, 2013
    • NRK1

    I det siste oppfølgingsprogrammet om menneske som har levd "der ingen skulle tru at nokon kunne bu", skal vi først høyre om dei som har gått bort. Dernest fortel vi om dei som har flytta, og kvifor dei har gjort det. Vi filosoferer over kvifor flyttestraumen stort sett går berre ein veg, frå utkantane til sentra, og vi rundar av med ein musikalsk hyllest til dei som enno lever eit enkelt liv i samspel med naturen. (4:4)

Season 12

  • S12E01 Bønå

    • October 27, 2013
    • NRK1

    Ole Arnold Bønå har vendt heim for å ta over den einslege, veglause farsgarden Bønå, inst inne i Vistenfjorden på Helgeland. Foreldra har ved sida av å drive garden etablert leirskule på Bønå, og i tillegg til å følgje i fotefara deira gjev Ole Arnold også vanskelegstilte born eit tilbod på garden. Sesong 12 (1:6)

  • S12E02 Setesdalsheiane

    • November 3, 2013
    • NRK1

    Åse Kokaas og Rune Ingebretsen har saman med sønene Severin og Johan rydda og bygd gard inne i Setesdalsheiane i Valle kommune. Dei har sjølve kosta veg til gards, dei har reist eit miljøhus i fjellheimen, i funkisstil, dei driv geitehald og oppdrett og dressur av jakthundar. Og ikkje minst dyrkar dei friluftslivet og haustar av naturressursane. Sesong 12 (2:6)

  • S12E03 Hedmark

    • November 10, 2013
    • NRK1

    Etter å ha levd i storbyen bestemte Gry Schjøll og Dag Hansen seg for å søkje eit rolegare liv og slo seg ned på eit gammalt finnetorp i Hedmark. Der bur dei saman med tenåringsdottera si, der arbeider Dag som treskjerar, der har dei bygd sitt eige kapell, og der taslar både vilt og rovdyr heilt inn på tunet. Sesong 12 (3:6)

  • S12E04 Ry

    • November 17, 2013
    • NRK1

    Som born av 68-generasjonen fann Bente Thurmann-Nielsen og Tormod Skeie ein liten fjellgard i Ryfylke og skulle leve av den. Dei vart verande, men han fann levebrødet i eit bibliotek, ho i skulen. No har dei pensjonert seg. Han steller på småbruket, medan ho driv sitt eige reiseselskap og skipar til kulturreiser, i nærområdet så vel som til Firenze og Roma. Sesong 12 (4:6)

  • S12E05 Glittersjå

    • December 1, 2013
    • NRK1

    Hege og Helge Nordskar kjem frå Oslo, men lever og andar for friluftsliv og dyreliv. Først skapte dei villmarksgarden Langedrag, og etter eit mellomspel som suvenirprodusentar i Lommedalen har dei no bygd opp ein eventyrgard ved innsteget til Jotunheimen. På Glittersjå nyt dei fjellivet saman med villsvin og geiter, skotsk høglandsfe og andalusiske gjetarhestar. Sesong 12 (5:6)

  • S12E06 Storfjorden

    • December 8, 2013
    • NRK1

    Fjellhyllegardane langs Storfjorden på Sunnmøre har stått folketomme i meir enn ein mannsalder. Men så flytte Kari-Anne Nilsen opp til ein av gardane, Ytste Skotet. Første tida var ho der om sommaren og underviste born og unge om gammalt gardsliv. Seinare vart ho bufast på den veglause og straumlause garden i lag med hest og hund, eit par kattar, nokre sauer og ein flokk høner. Sesong 12 (6:6)

Season 13

  • S13E01 Samnanger

    • October 26, 2014
    • NRK1

    Bente Getz tok over eit lite, veglaust småbruk som lenge hadde lege brakk i Samnanger. Ho skaffa seg mjølkesauer og begynte å yste saueost, ho laga sitt eige bakeri, og ho selde ugras som salat til finare restaurantar i Bergen. No har omsetnaden passert millionen.

  • S13E02 Hattfjelldal

    • November 2, 2014
    • NRK1

    Sjukepleiarparet Stine og Per-Sverre Engdal er glade i friluftsliv, og dei har kjøpt ein liten fjellgard i Hattfjelldal. Dei ville kombinere jordbruk med grøn omsorg. Men det fjerde barnet dei fekk, var multihandikappa. Då la dei om planane, vart fosterforeldre og tok til seg to born til.

  • S13E03 Nord-Hidle

    • November 9, 2014
    • NRK1

    Terjer Hidle tok over garden heime på Nord-Hidle i Boknafjorden og driv sauehald, gardsturisme og juletreproduksjon. Ein sjeldan sauerase held juletremarkene hennar fri for ugras. Erling, mannen hennar, byggjer no opp ein helseklinikk på garden, basert på mat som ikkje er steikt eller koka.

  • S13E04 Skifterud

    • November 16, 2014
    • NRK1

    For 30 år sidan kom Gaby frå Færøyane og Rupert frå Tyskland til Tinn med hest og prærievogn. Sidan har dei drive det brattlendte småbruket Skifterud utan mekaniserte hjelpemiddel, og målet er å vere sjølvforsynt. Dessutan reiser trubaduren Derben på turné - med hest og vogn.

  • S13E05 Meråker

    • December 7, 2014
    • NRK1

    Katrine og Bjarne bur på den einslege garden Høttmon i Meråker, og dei har teke namn etter garden. Katrine er musikar, dei to borna ho har, går i fotefara til mora, og huset er fylt med musikk - og påfunn. Bjarne er sauebonde, men synest bjørnen og jerven er blitt for nærgåande.

  • S13E06 Valdres

    • December 14, 2014
    • NRK1

    Den danske presten Erik Rostbøll har saman med fru Kirsten bygd hus og heim på ei gammal seter i Valdres. Erik vart prest endå han ikkje har studert teologi, og endå han har vore skild to gonger - frå to søstrer. Oppe i tunet har dei bygd kyrkje, etter at Kirsten fekk ei openberring om å gjere det.

Season 14

  • S14E01 Tangeneset

    • October 25, 2015
    • NRK1

    Snart er bilvegen til Tangeneset i Solund kommune ferdig. Livet skal forandrast for alltid for Pål Ryland, Trude Søilen og dei tre døtrene Sunniva, Ingeborg og Oda. Dei gler seg, men etter kvart som vegen kjem nærare, merkar dei ein viss bismak. Livet på verdas ende var nemleg ikkje så ille som bergensfamilien trudde.

  • S14E02 Gamvik

    • November 1, 2015
    • NRK1

    For seks år sidan kom bioingeniøren Adriaan Smis (28) til eitt av dei nordlegaste gardsbruka i verda. Den isolerte garden Gamvik i Hammerfest kommune har forandra han frå ein upraktisk akademikar til ein sjølvhjulpen bonde som får maksimalt ut av dei karrige omgjevnadene. Her prøver han å bli ferdig med doktorgrada si, men det røffe klimaet gjer det ikkje enkelt å få tid til alt.

  • S14E03 Austli

    • November 8, 2015
    • NRK1

    Då Hillborg Romtveit og Trygve Vaagen valde å flytta til veglause Austli ved Møsvatn visste dei at dei aldri kom til å bli rike på pengar. I staden har dei vorte rike på musikk, dans, handverkstradisjonar og ei stille livsglede. Men vinteren er einsam, så ein dag om sommaren må dei lada opp med menneskeleg kontakt.

  • S14E04 Bliksvær

    • November 22, 2015
    • NRK1

    Sjølv om Nils Thommesen ikkje er meir enn gjennomsnittleg religiøs, såg han seg nøydd til å byggje si eiga kyrkje på Bliksvær i Salten. For Nils gir seg aldri utan kamp, og no har han for alvor starta kampen mot attgroinga som har teke over barndomsparadiset hans. Han vil sjå att barndommens Bliksvær før han døyr, og han pleier å få viljen sin.

  • S14E05 Fonna

    • November 29, 2015
    • NRK1

    Nokre av naboane gir Lisa Instefjord Gilje og Svein Eivind Gilje eitt år når dei flytter frå blokka i Fitjar til den veglause øya Fonna saman med eittåringen Lars Eivind. Men det unge paret har drøymt om ein stad som Fonna heile livet. Robert Sørfonn likar at einsemda ute på øya blir broten, men lurer på korleis dette skal gå.

  • S14E06 Sognefjorden

    • December 6, 2015
    • NRK1

    I eit herskapleg gods langs Sognefjorden bur Vilhelm Rumohr. Han arva den største skogseigedomen på Vestlandet som 19-åring, og hadde inga aning om kva han gjekk til. For kommunikasjonane med utanomverda er sparsommelege, og det som gjorde forfedrene hans rike må i dag utnyttast på heilt andre måtar.

Season 15

  • S15E01 Sylvarnes

    • November 20, 2016
    • NRK1

    Magne Sylvarnes meiner han var skapt til å driva gard i dei bratte bakkane på heimstaden, men bakkane var ikkje skapte for moderne gardsdrift. Her er det berre hest, løypestreng og sjølvberging som nyttar.

  • S15E02 Tanafjorden

    • November 27, 2016
    • NRK1

    Bente Aust brukte heile ungdomstida på å lengte vekk frå Langfjordnes. Men di lenger ho var borte frå heimbygda ved Tanafjorden, dess sterkare vart heimlengten. No strekker ho grensene for kva som går an å gjere på ein stad som dette.

  • S15E03 Kristiansand

    • December 4, 2016
    • NRK1

    I ei lita hytte utan innlagt straum og vatn klarar Trond Henning Monan seg sjølv. Den unge mannen har levd eit omflakkande liv, men i skogen utanfor Kristiansand har han funne fred og meining.

  • S15E04 Lysefjorden

    • December 18, 2016
    • NRK1

    I over ti år har kunstnaren Agnes Tiffon hatt Flørli ved Lysefjorden for seg sjølv og forelska seg i freden og isolasjonen. Men så kjem Hessel Haker og vil snu Flørli på hovudet.

  • S15E05 Veafjorden

    • December 26, 2016
    • NRK1

    Norvald Bukkestein er eit naturprodukt, forma av eit langt og tidvis einsamt liv på den vetle og veglause slektsgarden ved Veafjorden. Tida ser ut til å ha gått i frå både han og garden, men så får nokon bruk for kunnskapene dette livet har gitt han.

  • S15E06 Jotkajavvri

    • December 29, 2016
    • NRK1

    Lisa Romsdal Kristensen og mannen Steinar valde å føra familietradisjonane på Jotkajavvri vidare, men kva med framtida? Livet på Finnmarksvidda har førebels ingen appell til neste generasjon.

Season 16

  • S16E01 Hjørundfjorden

    • October 29, 2017
    • NRK1

    Daniel Storeide (27) fekk ei tung bør i hendene då foreldra gjekk bort og etterlet han eit veglaust kråkeslott av ein serveringsstad ved Hjørundfjorden. Saman med sambuaren Ivonne Eikremsæter er han i ferd med å finna ut om det å bu i Trandal er liv laga eller ikkje.

  • S16E02 Vorterøy

    • November 5, 2017
    • NRK1

    To gonger har sterke sentralmakter klart å driva Ingebjørg Gamst vekk frå Vorterøy i Lyngenfjorden. Kvar gong har ho vendt tilbake ved første anledning, og denne gongen blir ho der for godt. "Eg er har ikkje kome til Vorterøy for å døy, eg kom for å leve", seier Ingebjørg.

  • S16E03 Vistenfjorden

    • November 12, 2017
    • NRK1

    Kaia og Bjørnar Aarstrand vart fortalde at det var galskap å setja ungar til verda på veglause Aursletta inst i Vistenfjorden. No er son nummer fem på veg.

  • S16E04 Fagermyr

    • November 19, 2017
    • NRK1

    Då kjærasten til Dag Fagermyr på barneskulen avslørte at ho ikkje ville bu oppe i skogsheiene på Fagermyr i Tvedestrand, fekk ho avskil på grått papir. For Dag har alltid visst at det var her oppe han skulle bu.

  • S16E05 Svinøya

    • November 26, 2017
    • NRK1

    På leiting etter eit eige kongerike kom svenske Gunnar Bengtsson til Svinøya på Namdalskysten for over 40 år sidan. Det første han gjorde var å forandre øya til det ugjenkjennelege. No håpar han å forandre ho tilbake medan det enno er krefter att i han.

  • S16E06 Nærøyfjorden

    • December 25, 2017
    • NRK1

    Då Nærøyfjorden hamna på UNESCO si verdsarvliste såg Arild Dyrdal på det som eit kall. Difor flytta han tilbake til farsgarden for å bruka det han hadde att av arbeidskapasitet til å vera verdsarvgartnar.

Season 17

  • S17E01 Tussøy

    • September 9, 2018
    • NRK1

    Svein og Synnøve var godt vaksne før dei kom i gang med livet saman på Tussøy. Dermed har dei begrensa tid for å få alle draumane sine ut i livet, og ein svært gjenstridig saueflokk gjer det ikkje enklare.

  • S17E02 Skjæløy

    • September 16, 2018
    • NRK1

    I over 50 år har treferja Skjæløy vore bindeleddet i øygruppa utanfor Helgeroa og levebrødet til dei få som bur att på Stokkøya. Men no har ferja lege ved kai med seglingsforbod i to år. Familien Johansen er villige til å ofre alt for å få ho i trafikk att.

  • S17E03 Vinkenes

    • September 23, 2018
    • NRK1

    Etter ei kraftig hjerneblødning kunne ikkje Karin Vinkenes lenger fungere i eit moderne samfunn med støy på alle kantar. Løysinga vart å trekke seg tilbake til den stillaste plassen ho visste om og starte på nytt.

  • S17E04 Grue Finnskog

    • September 30, 2018
    • NRK1

    På eit torp langt, langt inne i Grue Finnskog har Jan Storberget lenge vore ein viktig bærar av skogfinske tradisjonar, sjølv om han heilt til no har vore skamfull over dei same tradisjonane.

  • S17E05 Skorpo

    • October 7, 2018
    • NRK1

    Utan korkje bru til fastlandet eller rutetrafikk driv Ole Kristoffer Vågen mjølkebruk på øya Skorpo i Hardangerfjorden. Det er tungvint på grensa til det umoglege, men likevel rustar han garden for neste generasjon og vel så det.

  • S17E06 Sandøybotn

    • October 14, 2018
    • NRK1

    I 19 år har Einar og Illona Røe levd adskilt for å oppfylla draumen om å skapa eit levebrød i Sandøybotn på yttersida av Sørøya, samtidig som sønene får ein vanleg skulegang. Men no nærmar gjenforeninga seg for ekteparet.

Season 18

  • S18E01 Skrova Fyr

    • November 24, 2019
    • NRK1

    Barndomskompisane Reidar og Frank har rømt frå alt og alle til ein isolert fyrstasjon i Lofoten. Då Frank får kreft, blir det nye livet sett på prøve.

  • S18E02 Blefjell

    • December 1, 2019
    • NRK1

    Marit Karlsen var bykvinne på sin hals. No bur ho på ei veglaus, vasslaus og straumlaus hytte. Midt i skogen og utan naboar må ho lære å klare seg sjølv.

  • S18E03 Embreæter

    • December 8, 2019
    • NRK1

    Samuel og Pernille bur på det fråflytta finnetorpet Embretsæter. Ein ting er å leve eit nybyggjarliv når dei er to. Noko anna blir det når dei er tre.

  • S18E04 Nautøyna

    • December 15, 2019
    • NRK1

    Fiskeoppkjøparen Jon og den pensjonerte lærarinna Johanne har utvikla eit venskap som gjer at dei kan klara seg heilt i ytterkanten av norgeskartet.

  • S18E05 Annsteinsundet

    • December 22, 2019
    • NRK1

    Det vêrharde Annsteinsundet er eigentleg ingen stad for sjuke folk, men det bryr ikkje Roger Eidshaug seg om. For der hjartet er svakt er viljen desto sterkare. Han har endåtil skapt seg eit levebrød på ein stad ingen trudde det var mogleg.

  • S18E06 Mollešjohka

    • January 2, 2020
    • NRK1

    Få i Noreg bur så aude som Per Edvard Johnsen. Han lever nesten utelukkande av det Finnmarksvidda gir han: Fisk, rein og molter.

  • S18E07 Valdres - Julespecial

    • December 25, 2019
    • NRK1

    Den forfalne høgdegarden i Valdres er rekna som ubebueleg for folk. Her kjempar Tor Evert Johansen for å skape seg ein varm og musefri heim til jul.

  • Episodic Special

    SPECIAL 0x6 Julehelsing 2019

    • December 25, 2019

    Julehelsing 2019 fra Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Season 19

  • S19E01 Hovden

    • December 20, 2020
    • NRK1

  • S19E02 Herøya

    • December 27, 2020
    • NRK1

    Aud trudde ikkje noko vondt kunne nå ho på Herøya. Det var feil. No stablar ho seg på føtene att. Det er vondt, og går sakte, men Aud skal klara det.

  • S19E03 Presteroi

    • January 3, 2021
    • NRK1

    På Presteroi 1000 moh. kjenner Nils seg heil - med aurefiske, reinsjakt og dikting. Men langt borte frå vidda er dei mange som treng Nils no.

  • S19E04 Lille Kalvøya

    • January 10, 2021
    • NRK1

    Då livet og fotballkarrieren rasa saman i Oslo, blei Kathrine berga av foreldra - og ei øy. På Lille Kalvøya fekk ho ei framtid. Men så kom koronaen.

  • S19E05 Helgenes

    • January 24, 2021
    • NRK1

    Ingrid og Arvid ønskte aldri noko anna enn å leva av sjøen og garden på Helgenes. Naboen Oddvar er derimot usikker: Valde han rett då han flytta heim?

  • Episodic Special

    SPECIAL 0x5 Julehelsing frå Der ingen skulle tru at nokon kunne bu 2020

    • December 25, 2020
    • NRK1

  • S19E06 Rott

    • January 31, 2021
    • NRK1

    Elfrid valde å bu ute i havet, sjølv etter at mannen døydde. Til forblåste Rott kom òg Oddvar og Jostein flyttande. Saman er dei tre mindre åleine.

Season 20

  • S20E01 Husøya

    • January 2, 2022
    • NRK1

    Det skulle ikkje gå an, å bu åleine på ei isolert øy når dei er 82 og 93 og kroppane skrantar. Borgny og Roald Mathisen maktar det framleis, så vidt.

  • S20E02 Isnes

    • December 5, 2021
    • NRK1

    For Frank Eriksen var hockey alt. Då livet på isen tok slutt, blei naturen redninga. No skal han ta det heilt ut, med éi han ikkje har kjent lenge.

  • S20E03 Hille

    • December 12, 2021
    • NRK1

    Når skipper Svein J. Vatnøy blir enkemann på ei øy lengst vest i havet, ser det mørkt ut. Ein dag kjem ein svensk hotelldirektør rekande på ei fjøl.

  • S20E04 Lávvonjárga

    • December 19, 2021
    • NRK1

    Når Yngve Johansen flyttar til eit audt nes i Tana, trur folk han er sprø. Men Yngve har sett verda. Og i tillegg har han skapt eit idrettseventyr.

  • S20E05 Merdø

    • January 9, 2022
    • NRK1

    Sjølv om Merdø er «verdas vakraste øy», bur berre éin mann der heile året, Trond Helle. Dette året skal øya bli avgjerande for fleire enn Trond.

  • S20E06 Øvre Brekkebakkane 2

    • December 26, 2021
    • NRK1

    Tor-Evert Johansen er redd for å bli endå ein singel mann i Valdres. Men så kjem eit menneske til den forfalne høgdegarden. Det skal snu om på alt.

  • Episodic Special

    SPECIAL 0x7 Julehelsing frå Der ingen skulle tru at nokon kunne bu 2021

    • December 25, 2021

Season 21

  • S21E01 Øvre Brekkebakkane 3

    • December 11, 2022
    • NRK1

    Line Raunkjær og Tor-Evert Johansen skal bli foreldre i ein låve. Brått blir heimen utrygg. Det hastar å flytta, men nyehuset er langt frå ferdig.

  • S21E02 Øvre Brekkebakkane 4

    • December 11, 2022
    • NRK1

    Det er bryllaup i Valdres. Men Tor-Evert Johansen blir oppslukt av husbygging og gløymer Line Raunkjær og vesle Emil. Brått står kjærleiken på spel.

  • Episodic Special

    SPECIAL 0x8 Julehelsing frå Der ingen skulle tru at nokon kunne bu 2022

    • December 18, 2022
    • NRK1

    Julehelsing 2022

  • S21E03 Ytre Eikjo og Svalbard

    • January 8, 2023
    • NRK1

    Sigri Sandberg og Steinar Rorgemoen treng ein ny start. Dei lengtar etter ro og eit enklare liv nær naturen. Men éin aude, veglaus plass er ikkje nok.

  • S21E04 Venabygdsfjellet

    • January 8, 2023
    • NRK1

    Å rocka framfor 25.000 fans gir Olaug Furusæter eit kick ho er avhengig av. Men like mykje treng ho å vera mutters åleine i tømmerstova si 1000 moh.

  • S21E05 Hartvigøya

    • January 8, 2023
    • NRK1

    Alexander Hartvikøy flyttar ut i havet for å byggja opp ei fråflytta øy. Han gyv laus med ein ung manns mot. Det skal kosta meir enn han anar.

  • S21E06 Dønnesfjord

    • January 8, 2023
    • NRK1

    Mette og Arnfinn Roland har ein 100-årsplan: Å gjera ein karrig gard på 70 grader nord grøn att. Men eit brutalt arktisk klima gjer det ikkje enkelt.

Season 22

  • S22E01 Brunborg

    • December 3, 2023
    • NRK1

    Mykje i livet har prøvd å driva Anders Brunborg vekk frå høgdegarden. Kvar gong har han kjempa seg opp og tilbake. Men denne gongen er det alvor.

  • S22E02 Otterskred

    • December 3, 2023
    • NRK1

    Evy og Inge Otterskred trassar vegløyse og byggjer eit livsverk på ein bratt fjordgard. Rundt dei losnar rasa, men her må dei klara seg sjølv.

  • S22E03 Storholmen

    • December 3, 2023
    • NRK1

    Jeanette Hansen og Pascal Bolwijn finn draumeøya si vest i havet. Å byggja opp ein stormfull storholme heilt åleine skal bli tøffare enn dei anar.

  • S22E04 Vikabråten

    • December 10, 2023
    • NRK1

    Marit Eckhoff og Frank Eriksen satsar alt på eit gamaldags småbruk. Før dei tek over garden, er dei berre redde for éin ting. Så skjer akkurat det.

  • S22E05 Lund

    • December 10, 2023
    • NRK1

    Ingen bur som Bart Brouwers i Bærum. Bart bryr seg ikkje om straumprisane. Han er langt meir oppteken av stearinprisane.

  • S22E06 Gjerdøyhamn

    • December 10, 2023
    • NRK1

    Jonny Losvik har bygd opp ein av dei flottaste hagane i Nord-Noreg med berre nevane – og heilt i det stille. Men ein dag kjem ei dronning på besøk.

Additional Specials

  • SPECIAL 0x1 Tillbake til Vassvika, Skåri, Åsligrenda og Nyksund

    • March 3, 2013
    • NRK1

    Serien om folk som lever "der ingen skulle tru at nokon kunne bu" har gått i ti år. Nå skal vi møte att ein del av dei som har vore med i programma, for å høyre kva som har skjedd med dei seinare i livet. I det første programmet er vi tilbake i Vassvika i Sørfold, Skåri i Sogn, Åsligrenda i Valdres og Nyksund i Vesterålen.

  • SPECIAL 0x2 Tilbake til Finden, Kvipt, Værøy, Skjerdal og Makø

    • March 10, 2013
    • NRK1

    Vi møter att menneske som lever "der ingen skulle tru at nokon kunne bu" for å høyre kva som har hendt med dei etter at dei var med i programma. Denne gongen får vi eit nytt møte med folket på Finden i Sogn, Kvipt i Vest-Telemark, Værøy i Lofoten, Skjerdal i Nordfjord og Makø på Hvaler.

  • SPECIAL 0x3 Tilbake til Måren, Eikemo, Litle Færøy, Larsatjønna, Skindalen og Givær

    • March 17, 2013
    • NRK1

    Vi møter att menneske som lever "der ingen skulle tru at nokon kunne bu" for å høyre kva som har hendt med dei etter at dei var med i programma. Denne gongen får vi eit nytt møte med folket i Måren i Sogn, på Eikemo i Sunnhordland, på Litle Færøy ved utløpet av Sognefjorden, ved Erik Larsatjønna på Graddisfjellet, i Skindalen i Vest-Telemark og på Givær i Vestfjorden.

  • SPECIAL 0x4 Tilbake der ingen kunne tru at nokon kunne bu

    • March 24, 2013
    • NRK1

    I det siste oppfølgingsprogrammet om menneske som har levd "der ingen skulle tru at nokon kunne bu", skal vi først høyre om dei som har gått bort. Dernest fortel vi om dei som har flytta, og kvifor dei har gjort det. Vi filosoferer over kvifor flyttestraumen stort sett går berre ein veg, frå utkantane til sentra, og vi rundar av med ein musikalsk hyllest til dei som enno lever eit enkelt liv i samspel med naturen.